PRAKTISK INFO 2024:

  • Vi lager ikkje romfordelingslister - kvart kull får sine rom på internatet, og så er det berre å forsyne seg…

  • Hjelp gjerne til med å mobilisere kullet ditt, slik at flest mogleg kjem på stemnet.

  • Det er greitt å komme fredag kveld, men det er ikkje måltider eller opplegg da.

INVITASJONSBREV 2024:

Til alle jubilantar i 2024

VELKOMNE TIL ELEVSTEMNE 01. JUNI 2024

Sett av laurdag 01. juni på kalenderen din med ein gong, og avlys alle andre planar den helga – for da skal du på elevstemne på Namdals folkehøgskole!

I år inviterer vi 5-, 10-, 20-, 30-, 40-, 50-, 60- og 70-årsjubilantar til stemnet. Det gjeld altså kulla som gjekk ut i 2019, 2014, 2004, 1994, 1984, 1974, 1964 og 1954.

Det er alltid moro å treffe igjen kjenningar frå vinteren på folkehøgskole i Grong. Vi treng litt hjelp med å spreie denne invitasjonen, da vi ikkje har rett postadresse til alle (og vi får mange brev i retur). Mange kull har laga eigne Facebook-grupper for å mobilisere i forkant av elevstemnet, og mange av dykk har god kontakt med kullvenner.

  • Elevstemnet tar til på laurdag kl 14.00 i amfiet, med velkomst, informasjon om skolen i dag – og eit kort årsmøte i Namdal Høgskolelag. Etterpå blir det kaffi i peisestova, og kanskje ei omvising på tunet for dei som ønskjer det.

  • Festmiddagen starter kl. 18.30, og det blir dans etterpå. Kanskje kan kullet ditt stille med underhaldningsinnslag under festen? Ta gjerne med album, minnebøker o.l. – det er moro å mimre over gamle minner.

Stemneprisen skal betalast på forskott, til denne kontoen: 3000.39.17572.
Om de bruker nettbank, så pass på å merke innbetalinga med namn og årskull.

Innbetalt stemneavgift reknast som påmelding!
Fristen for å melde seg på er 20. april 2024.

Prisane er: Stemne utan overnatting: kr. 700,-
Stemne m/overnatting (sengetøy blir lagt ut på romma): kr. 1 000,-

I prisane er det sjølvsagt inkludert mat (kaffe, festmiddag og nattmat laurdag, frukost søndag). For dei som kjem fredag, serverast det frukost laurdag.

Hjarteleg velkomne tilbake til Namdals folkehøgskole!

utskriftsversjon .pdf

utskriftsversjon .docx