SOSIALPEDAGOGISK ARBEID

Vegvisar for det sosialpedagogiske arbeidet ved Namdals folkehøgskole:
Eleven er hovudpersonen. Hen er ikkje eit ”produkt” eller eit ”objekt” for vår pedagogiske eller åndelege verksemd, men eit menneske, med heile seg. I møtet med skolen skal eleven kjenne seg respektert, og at hen er like verdfull som alle andre i skolefellesskapet. Ei open haldning, respekt og interesse for andre sitt syn gjennom likeverdig samtale, styrker sjølvkjensla og gjer alle til deltakarar i demokratiet. Derfor går det heller ikkje å måle prestasjonar eller kompetanse hos eleven slik det blir gjort i andre skoleslag. Det blir og meiningslaust å sette seg mål for ”kor langt” eleven si personlege utvikling og vokster skal nå i løpet av eit skoleår. Den pedagogiske metoden er sokratisk; vår oppgåve er – gjennom samtale, refleksjon og utfordringar – å legge forholda til rette for at utvikling skal skje. Graden av måloppnåing og suksess må vurderast ut frå ein refleksjon over den enkelte eleven si utvikling. Denne refleksjonen er både skolen og eleven delaktig i, og ansvarleg for.

I ei blomstereng veit ein aldri heilt kva slags frø som finst. Men enga må kultiverast, dersom ikkje nokre artar skal dominere og etter kvart kvele mangfaldet. Dersom vi sørgjer for at alle får lys og får blomstre, så vil blomsterenga halde seg fargerik og mangfaldig. Ein folkehøgskole skal vere som ei slik blomstereng, der mangfaldet av menneskeleg utfalding skal råde. I dette mangfaldet skjer den allmenne danninga.

Allmenn danning:
Allmenn danning handlar om å kvalifisere for ”kvardagslivet”, og i lys av dette er det viktig å understreke at folkehøgskolen skal vere ein skole for alle. Vi meiner at fagleg einsretting som fører til at skoleslaget rettar seg mot smale ungdomsgrupper, eller stenger grupper ute – er i strid med både folkehøgskolen sin idé, og samfunnsmandatet skoleslaget har.

Kvar enkelt elev skal bli sett og tatt på alvor, og bør tidleg få ei kjensle av at vi tilsette er oppriktig interesserte I kvar enkelt elev. Ein av dei første dagane har vi ein intervjurunde der kvar elev får nokre minutt med ein tilsett - og må svare på spørsmålet: “- Kva må vi vite om deg for at du skal få eit best mogleg folkehøgskoleår?”

Tilsyn - kontaktlærarinstruks:
Kontaktlæraren er den som til ei kvar tid har hovudtyngda av det sosialpedagogiske ansvaret, fungerer som vertskap på skolen, og har tilsyn med elevar og skoleanlegget.

Tilsynsdøgnet på kvardagane startar kl. 15.00 (starten på middagen) og varer til frukosten (sovande vakt med vakttelefon om natta). Helgatilsynet startar ved middagen på fredag og varer til frukost måndag morgon.

Om du må forlate skoleområdet i kontaktlærarperioden, må du få ein annan lærar til å tre inn for deg.

Kontaktlæraren må møte til middag og kvelds, og vere til stades under heile måltidet.  Middagen startar med bordvers og beskjedrunde. Kontaktlæraren kan gjerne ha med seg familien på skolemiddagen – då betalar dei ikkje for maten.

Kveldsmaten blir sett fram av ei elevgruppe (kjøkkenteneste) som også vaskar og ryddar etterpå. Kontaktlæraren er saman med elevgruppa, og sørger for låsing etterpå. Etter kveldsmaten er det ønskeleg at kontaktlæraren brukar minst ein halv time i peisestua, slik at elevane veit at der er det mulig å treffe kontaktlæraren. Om det er naturleg kan du jo delta på hyggelege aktivitetar som samtalar, kortspel, bordtennis eller berre sitte der og slappe av.

Kvar kveld går kontaktlæraren ein runde i undervisningsbygga og internata.  Slokking av lys, slå av viftene i tørkeromma, lukke opne vindauge, sjekking av varme (komfyrar, vasskokarar og strykejarn) og låsing av alle ytterdører er viktige oppgåver.  På denne runden må ein også ha ”antennene” ute for å få eit inntrykk av om det står bra til med elevane, og det er vanleg å sette seg ned her og der for å slå av ein prat når det er naturleg.

Vi sjekkar rom og elevar berre når det er mistanke om at noko ureglementert går føre seg, eller om det oppstår ein  akutt situasjon som gjer det naudsynt å kontrollere (låse seg inn).  Det kan og vere gjort avtalar om at kontaktlærar ser innom (t.d. ved sjukdom), eller det kan vere behov for å hente/undersøke når elev(ar) uteblir frå undervisning, måltider, fellesplikter o.l.

Kontaktlæraren deler til vanleg ikkje ut medisin – utanom sånt som finst i førstehjelpsskrin. Det må gjerast særskilt avtale dersom kontaktlærar t.d. skal låse ut/administrere personleg medisin for elevar. Elevane skal henvisast til apotek for å kjøpe medisin til eige bruk – skolen deler ikkje ut t.d. smertestillande tablettar og liknande.

Kontaktlæraren er også tilstades på heimekveldane saman med heimekveldarrangørane.  Dette er ein uformell samankomst, gjerne med noko godt å ete (ofte i peisestua).  På frilaurdagane er det ikkje sett opp heimekveldarrangør, så då blir heimekvelden eit samarbeid mellom kontaktlæraren og dei som møter opp.  Kontaktlærar kan sjølvsagt sjølv ta initiativ til program eller aktivitetar – hugs å gjere avtale med kjøkkenleiar dersom du skal bruke kjøkken eller matvarer.

Elevar har gjeve tilbakemeldingar på at dei synest det er triveleg når kontaktlæraren er synleg utanom dei vanlege rutinane, til dømes ved å delta i gymsalen, stikke innom dei som jobbar med noko på formingsbygget, e-sportloftet, spillutviklingsrommet, musikkrom, internat osb.  Dette er eit godt høve til å bli kjend med elevar ein elles ikkje omgåast så ofte, og til å nå fram til dei som av ulike grunnar finn det utfordrande å delta for fullt i fellesskapet.