Til tidlegare tilsette ved Namdals folkehøgskole:
VELKOMNE TIL ELEVSTEMNE 01. JUNI 2024
Vi vil gjerne invitere alle tidlegare tilsette ved Namdals folkehøgskole til
elevstemnet 2024, som blir halde laurdag 01. juni 2024.
I år inviterer vi 5-, 10-, 20-, 30-, 40-, 50-, 60- og 70-årsjubilantar til stemnet.
Det gjeld altså kulla som gjekk ut i 2019, 2014, 2004, 1994, 1984, 1974, 1964 og 1954.
Det er alltid moro å treffe igjen kjenningar frå tida på Namdals folkehøgskole. Mange ser og fram til å treffe lærarar og andre tilsette som dei hugser frå tida i Grong – og vi som arbeider på skolen i dag set og stor pris på å treffe tidlegare kolleger.
Stemnet tar til på laurdag kl 14.00 i amfiet, med velkomst, informasjon om skolen i dag, og eit kort årsmøte i Namdal Høgskolelag. Etterpå blir det servert kaffe i peisestua, og kanskje ei omvising på tunet for dei som ønskjer det.
Festmiddagen starter kl. 18.30, og det blir dans etterpå.
For tidlegare tilsette ved skolen er stemnet kostnadsfritt, og vi håper du har høve til å ta turen hit. Påmeldingsfristen er sett til 20. april til telefon: 74 33 20 00, eller e-post: kontor@namdals.fhs.no .
Hjarteleg velkomne til elevstemnet!
utskriftsversjon .pdf
utskriftsversjon .docx